Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill er endeleg på veg for å hente den største skatten - Garm. Han er sonen til Jenny og Grusomme Grim, og Jenny har gøymt guten for at far hans ikkje skal få kloa i han. Men Grim er aldri langt unna der Jenny og Bill ferdast, og snart er kappløpet mellom dei i gang. Kven får tak i Garm fyrst, og korleis skal dei klare å få guten til ein trygg plass. Handlinga går føre seg i øyriket i Sunnhordland både på sjø og på land. Atle Hansen held fram med å leike seg med sjørøvarsjangeren. Personane går igjen frå tidlegare bøker, her er klare helte- og skurkeroller, og det er få personar å halde styr på. Det er ein fordel å ha lese dei to første bøkene. Forteljinga har eit enkelt handlingsmønster der humor er eit viktig virkemiddel. Boka har store, gode bokstavtypar, og historia er illustrert med nokre få teikningar i svart/kvitt. Cappelen, 2000.