Roman  •  13 – 15 år

På nippet : roman

Rune Belsvik

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

Her treff vi Arne Bru att. Han kjenner vi frå "Alle dei fine jentene" og "Kjærleiken er eit filmtriks". Guten er på nippet til å få seg ein kjæraste,men han sluttar skolen og dreg til byen på arbeid. Kjærasten skriv at det månok være slutt mellom dei, men det er jo ei anna jente som han har kyssa og dessuten fins det enda fleire jenter. Kjærleiken er ikkje berre enkel. Det er ikkje Arne Bru heller, men han er rimeleg nøgd når han har fått si førstelønning og sett pengane på konto. Temaet i boka er korkje nytt eller spanande, men forfattaren har ein skrivestil som gjer boka sers lesverdig. Han får sagt mykje om ein busstur ved å skrive følgande: "Bussen stoppa og stoppa. Stadig kom det på nye folk. Stadig steig nokon av". Den knappe stilen er eit klart verkemiddel og forfattaren får sagt mykje utan å skrive det. Lesaren blir dreven fram av historia og må rett som det er stoppe for å smake på språket. Vel er det herleg å vere sytten år, men det er også uuthaldeleg. Her møter lesaren ein mannleg hovudperson som kokar over av ør forelsking og heftig forvirring. Til slutt orkar han ikkje meir, men reiser vekk just som han harkome i lag med den gode jenta. Han fortel i retrospekt, frodig og medrivande. Jentene kan sitje ringside og sjå korleis det er å vere gut.

Utgaver