Eg-personen, sjømannen Stratis P. Banis, vil at lesaren skal tru kvart eit ord i historia hans, men ein skjønar snart at ein motormann òg kan varte oppmed skipparskrøner. Stratis fortel om korleis han og skipskatten Mao fell over bord og kjem seg i land på ei filippinsk øy, om palmehyttebygging høgt i eit tre, om alle grisane han skaffa seg, om Mao som rømde då papegøya Corykom og om heimlengt og mystiske papirlappar i en flott Konfuciusfigur - men det er ei anna historie. Den vesle, litt poenglause forteljinga er fortald med glimt i auga og er "blott til lyst". Språket er godt, muntleg og litt sjømannskjapt. Forteljaren held oppe nærkontakt med lesaren ved at han f. eks. stiller spørsmål. Forteljinga er delt inn i mange og korte kapittel. Kåre Øyen viser seg frå ei litt uvanleg side. Dei mange akvarellane er enkleog ikkje så detaljrike som ein er van med. Illustrasjonane hever boka. Eide,1998.