
Lån boka
Om boka
Konfrontasjonar mellom framtid og fortid står sentralt når oldemor til bokaseg-person vaknar opp, etter å ha vore nedfrosen i 100 år. Verda ho vaknar opp til er heilt annleis enn den ho ein gong forlet. Kyberserker, avanserte robotar skapt av menneska, har tatt over styringa. Einskildpersonar lever side om side i eigne avlukke, utan å kommunisere med kvarandre. Kontakt med verda utanfor Kyberborga skjer ved at ein koblar seg på kyberverda. Årsaka til at oldemor let seg fryse ned, var eit leverproblem som ikkje lot seg løyse med datidas metodar. No, mange år etter, er sjukdomen lett å kurere ogoldemor vert snart erklært frisk, men lengselen etter Føyno, som ein gong var heimen hennar, gjer det naudsynt for henne å bryte ut av det lukka samfunnet som Kyberserkane har skapt. Det er ein tekst med mange tvetydige spor. Språket fangar opp den spesielle stemninga som oppstår når menneske med ulike referanserammer skal kommunisere med kvarandre og gjev det fortalde nerve og særpreg. Gyldendal
Utgaver
