Denne boka er skriven med tanke på lærarstudentar og lærarar og er meint å vere ei hjelp til opplæringa i nynorsk som sidemål. I første delen av boka er det gjort greie for forsking, tiltak og forsøk innanfor sidemålsopplæring og korleis desse kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserom og samfunn. Andre del av boka handlar om korleis det kan bli meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Denne delen er meint å vere ein idébank for måtar å samarbeide med nynorsk som sidemål på. Omtalen er utarbeida av BS.