Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for grunnskulelæraren, og denne andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt kapittel om språket i dansketida. Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid, og i denne grunnleggjande innføringa tek forfattarane føre seg desse temaa i eit historisk perspektiv: frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk til språket i dansketida, og til slutt fram til moderne norsk. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet.