Elise skal vere saman med bestemor ei heil veke medan foreldra er i London. Bestemor er ganske sprø og finn på mykje rart. Elise fortel ei venninne at ho trur Bestemor er forelska, men når ho fortel det blir ho sjølv raud i andletet. Innimellom alle bestemors rare påfunn som til dømes piknik i Vigelandsparken midt på natta, funderer Elise på mange ting. Ho vil gjerne vite korleis ho skal vere for ikkje å vere for snill og ikkje for ordentleg, og korleis ho skal finne ut om ho er forelska i Thomas eller ikkje. Dette er ei bok om vennskap og forelsking. Nynorsk tekst. 75 s. Ib. 2005.