Til arrangementer

Forfatterbesøk: Anders Totland

Litteratur og fortelling
Ungdom
Voksne

Han har gitt ut 17 bøker på 9 år! Og historia om Jacob Juul gikk rett inn på bestselgerlista!

Legg til i kalender
Forfatter og boken hans
Foto: Foto: Helge Skodvin
Forfatter og boken hans
Foto: Foto: Helge Skodvin
Forfatter og boken hans
Foto: Foto: Helge Skodvin

Gratis - ingen påmelding

Dato

tor 26. september

Tid

18:00 - 19:00

Sted

Vågan bibliotek

Då romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut i 2022 gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, blei selt til fleire andre land - og skal i tillegg bli film. No er Anders Totland klar med det forlaget kallar ein nokså frittståande oppfølgjar - Til døden skil oss.

Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då.

Det er humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.

Jakob Juul har fått en helt egen nettside som du bare må sjekke ut!


Velkommen til biblioteket!

ANDERS TOTLAND
Vaks opp på Bømlo, og bur no på Valen i Kvinnherad.Debuterte som forfattar med barneboka Vampyrane i eplehagen i 2015, og har sidan gjeve ut bøker i dei aller fleste sjangrar.Den første ungdomsromanen hans, Engel i snøen (2016), vann Nynorsk barnelitteraturpris, og for neste bok, Så lenge ingen ser oss (2017), fekk han tildelt Ordknappen.Den første sakprosaboka, Den norske slavehandelen (2018), blei nominert til Kulturdepartementets fagbokpris.Er i år aktuell med to nye bøker: Vaksenromanen Til døden skil oss og barneromanen Gunnars rekordbok, som er nominert til Bokslukerprisen.


Foto: Helge Skodvin

Relatert litteratur

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Vågan kommune
Ansvarlig redaktør: Gertti Mändla
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content