Poetisk skrekkroman om vald som går i arv, og ein dose naturmystikk.
“Alt et” er ein mørk og brutal roman om to søsken som mister foreldra sine i ei bilulukke. Dei blir plassert hos besteforeldra, der det fort blir klart at det som skal vere ein trygg hamn blir ein åstad der traume og valdeleg historikk får fritt spelerom.
Romanuniverset er mørkt, skittent og valdeleg, men skildra i ein svært poetisk nynorsk språkdrakt. Det gir romanen ein styggvakker kvalitet. Romanen er heller ikkje utan lyspunkt: romanen viser korleis det er rom for kjærleik sjølv i ekstreme situasjonar, og at kjærleik ofte kan få ein til å halde ut dei verste skjebnar.
Denne boka passar godt for litteraturelskerar som ikkje til vanleg les skrekk, eller skrekkentusiastar som set pris på poetisk språk. Leander Djønne er høgst original og utan samanlikning i moderne norsk litteratur.
Ansatt
Vågan bibliotek
Om boken
Foreldra døyr, og tvillingane Våle og Rind må flytte til besteforeldra. Besten er grufull, besta kraftlaus. I ura over garden deira bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. Alt et er ein mørk og grensesprengjande roman om destruktive krefter, trolldom, hamskifte og hemn.